Landbruksplan

Landbruket - ein utsett ressurs

Tromsø kommune har eit rikt landbruk som utgjer ein stor ressurs for kommunen. Vi har eit stort distrikt med eit aktivt landbruk som er med på å oppretthalde livskraftige bygdesamfunn. Landbruket har vore eit av grunnlaga for busetting i distrikta og er framleis viktig for sysselsetting og ikkje minst for trivsel og miljø i bygdene. Vi har også eit bynært landbruk som tilbyr byen både lokalprodusert mat og grøne opplevingar. Landbruket i Tromsø har gode forhold for å produsere kvalitetsmat, og etterspurnaden etter lokale produkt er aukande. Vi treng eit styrka landbruk i kommunen for å oppfylle stadig viktigare samfunnsmål som trygg matproduksjon og matforsyning. Landbruket speler også ein viktig rolle for å få til ei berekraftig ressursforvalting i kommunen. Gardsbruk i drift gir levande kulturlandskap, og er med på å gi byen si befolkning unike rekreasjonsmoglegheiter. Det ligg mange moglegheiter i store uutnytta ressursar i skog og utmark.

Samstundes som potensialet er stort, er landbruksnæringa pressa frå mange hald. Svak økonomi, ei utbreidd kjensle av manglande verdsetting og skiftande politikk gir usikre vilkår. Utviklinga i Tromsølandbruket følgjer trenden elles i landet; bruk leggast ned og landbruksmiljøet er sårbart. Dei som driv bynært opplev eit sterkt press på areala for bustadbygging, medan gardbrukarane i distriktet opplev problem med uttynning i bygdene.

Med ønskje om å ta vare på og styrke det landbruket vi har, bidra til livskraftige bygder, utnytte moglegheitene som ligg i lokale ressursar og å kunne tilby byen kvalitetsprodukt, må vi synleggjere både verdiane landbruket representerer og problema næringa slit med. Vi må lage eit verkty for betre forvalting av landbruket, av kor vi skal ha landbruk i framtida og kva type drift vi skal legge til rette for. Og vi må legge til rette for ønska utvikling gjennom konkrete tiltak.

OBS! Nedlastingen av .pdf-filene kan ta tid avhengig av størrelsen på disse og internettilkoblingen din, men for å lese .pdf-filene under må du ha Adobe Acrobat Reader installert. Klikk her for gratis-versjonen:

Get Acrobat reader

Spør Emma

Kontakt oss

Telefon:   777 90 000         
Telefaks: 777 90 001

postmottak@tromso.kommune.no

Postadresse:
Rådhuset
Pb. 6900
9299 Tromsø 

Besøksadresse: Rådhusgata 2

 

Design: CustomPublish og Gnist Design | Publiseringssystem: CustomPublish