Forfatteren iFokus: Therese Tungen om Kjærleik og det som liknar

Møt den kritikerroste forfatteren bak «Ein gong var dei ulvar» og «Kjærleik og det som liknar».

I forlengelse av bibliotekets åpne lesesirkel 21. januar, får vi besøk av forfatteren bak novellesamlingen «Kjærleik og det som liknar.»

«Det er eit finstemt nærvær og eit bevegande alvor i Tungens noveller», skriver Eivind Myklebust i Klassekampen om samlingen. «De gjør inntrykk, disse novellene, som alle er språklig korthugde og presise ...», kan vi lese i Sigmund Jensens omtale for Stavanger Aftenblad.

Samtalen ledes av bibliotekar Anne Steien.

Forlaget om boka:
I Kjærleik og det som liknar tek Therese Tungen for seg kjærleik og begjær: Ein fersk student blir dregen inn i eit forhold til ein eldre mann; eit par dreg til Grand Canyon og ei kløft opnar seg i forholdet deira; ei ung kvinne blir etterlatt av sambuaren og kjøper ei bjørnedrakt; ein filmskapar ser ekskjærasten sin på gata, og gjennomlever fortida på to minutt; ei ung jente forsvinn ut i natta i ein ferieby, mens mora og bestemora prøver å finne henne igjen. Kor mykje av kjærleiken styrast av våre eigne valg, og kor mykje er slump eller omstende? Nokre gonger møtest folk på feil tidspunkt, andre gonger oppdagar to menneske at kjærleik er ulike ting for kvar av dei. I Kjærleik og det som liknar utforskar Tungen eldgamle tema som fornuft og kjensler, tid og lagnad. Samtidig framstår historiene som høgaktuelle i ei tid der premissa for kurtise og samliv er i endring.

Om forfatteren:

Therese Tungen (fødd i 1977) kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur i Oslo. Ho jobbar som forlagsredaktør i Samlaget, og har vore litteraturmeldar i Morgenbladet og Klassekampen. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og på Aschehougs forfattarskule. Tungen debuterte i 2017 med novellesamlinga "Ein gong var dei ulvar" - boka fekk strålande mottaking, og vart nominert til Ungdommens kritikerpris. Therese Tungen vart tildelt Aschehougs debutantstipend for 2017, og i 2018 fekk ho Bjørnsonstipendet. "Kjærleik og det som liknar" (2019) er Tungens andre novellesamling,

: Hovedbiblioteket, Plan 2
Tid: torsdag 23. januar 19:00
Litteratur
Mer info