Digitalt arrangement: Gards- og slektshistorie — ein snarveg til slektstreet

(Gjengitt fra Nasjonalbiblioteket):
Dette er eit digitalt arrangement. Arrangementet blir strøymt live på nb.no.

Store deler av landet er dekt av bandtunge gards- og slektshistorieverk, og dei fleste kan ein nå finne digitalt på Nettbiblioteket. Vi har i et tidlegare arrangement sett på korleis ein finn fram i Nasjonalbiblioteket sin digitale samling. Denne gongen skal vi gå djupare inn i korleis gards- og slektshistoria kan hjelpe oss å finne fram til forfedrane våre, og korleis bøkene kan leie oss fram til andre kjelder.

Arrangør: Nasjonalbiblioteket
: Nasjonalbiblioteket (digitalt)
Tid: torsdag 22. april 14:00
Mer info