Korleis tenestetilbodet og tenestekjeda skal innrettast har stått sentralt i revidering av handlingsplan for eldreomsorga. Pleie og omsorgstenesta er ei kompleks og mangfaldig teneste som skal ivareta behov frå dei enklaste førebyggande tilretteleggingane i kvardagen til omfattande helse og omsorgstilbod døgnet rundt.

Talet tenestemottakarar og talet på hjelpesituasjonar kvart døgn i ulike buformer saman med alle slags medisinske, helsemessige og sosiale problem er ein styrings- og samordningsutfordring. Alle tenestemottakarar har uavhengig av alder, kjønn, boligsituasjon og årsak til hjelpebehov, rett på individuelt tilpassa tenester. Dersom den individuelle tilpassinga skal være reell, er brukarmedverknad ein grunnleggande føresetnad for forsvarleg tenesteyting. Kommunen har ansvaret for at tenestene er fagleg forsvarleg og tilstrekkeleg dimensjonert.