Litteraten: Foredrag med Kristin Fridtun

Kodespråk eller halvnaken skrift: Korleis er homoseksualitet framstilt i eldre litteratur?

Homoseksuell kjærleik var lenge tabuisert og vart i 1892 kalla «the love that dear not speak its name». Samkvem mellom menn var forbode ved lov. I norsk og annan vestleg litteratur finst det likevel ei rekkje tekster frå tidleg 1900-tal som skildrar homoseksuell attrå og kjærleik. Korleis gjorde forfattarane det?

Ei vanleg førestilling er at dei som skreiv om homoseksualitet før i tida, brukte eit kodespråk som berre innvigde kunne dekryptera og forstå. Men når ein les dei gamle tekstene, kan ein bli slått av kor opplagt det homoseksuelle temaet er. Kor treffande er det då å snakka om kodespråk og kryptering?

Kristin Fridtun meiner at homoseksualiteten blir hinta om og omtalt indirekte snarare enn skjult, og vil visa det gjennom ei rekkje døme frå norsk litteratur.

Kristin Fridtun (f. 1987) frå Elverum har master i nordisk språk og litteratur frå NTNU og har vore forfattar på fulltid sidan 2012. For tida er ho/hen busett på Lillehammer. Fridtun har mellom anna skrive bøkene Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018), Klok kvinne eller digg dame (2023) og Skeiv på norsk (2023, saman med Lars Helge Frivold).

Arrangert av Norsk forfattersentrum i samarbeid med Arctic Pride og Tromsø bibliotek og byarkiv.

Dato

-
Sted
Hovedbiblioteket, plan 2